12. november 2008

Norsk skole i hengemyra

Norsk skole i hengemyra

Skal v.g. skole haldas oppe utan at rekrutteringa til lektorutdanning endrar seg radikalt til det betre, vil lektorar i løpet av tolleg kort tid måtte erstattas av lærarar utan vilkår for å formidle kunnskapar og kompetansar elevane skal tileigne seg. Draumen om eit kunnskapsløft som held fram gjennom v.g. skole, manglar røyndomskontakt.

Eit nødvendig, men utilstrekkeleg, vilkår for å få skolen ut av hengemyra, er å gjere yrket som lærar og lektor så attraktivt at tevling om å komme inn ved lærarutdanningane sjaltar ut alle som har under 5 i snitt frå v.g. skole. Dette er mogleg om ein er villeg til å betale. Da må skatten aukas. Det er eg redd politikarane ikkje vågar. Dét viser uføret: Ein vil ha ein betre skole. Dei fleste innser det er strengt nødvendig. Men svært få vågar investere langsiktig og betale for det.

Fagkunnskap hos lærarar og krav til kunnskap hos elevar må rehabiliteras. Skal dyktige folk søke arbeid i skolen, må dei ha faglege grunnar til det. Men krav om kunnskap vekker mytar: Dét skaper taparar. Med andre ord, jamvel om mange, også blant politikarar, etter kvart innser at skolens rolle som arena for fagformidling og -tileigning må atterreisas, trur framleis så mange at konsekvensen vil vere taparar, at nødvendige tiltak neppe lar seg gjennomføre. At 29 prosent av 15-årige gutar i 2006 var totale eller funksjonelle analfabetar, 22 prosent av 15-åringane totalt, og dermed dømde til å bli taparar, burde punktere myten.
 
◄ Free Blogger Templates by The Blog Templates | Design by Pocket