11. januar 2008

Morgenbladet

Forakter tellekanter
- Adresseavisen melder at du kan tena 40 millionar kronar på salet. Kva planer har du no?

- Det høyrest kanskje litt dumt ut, men for meg er dette berre eit tal. Eg kjem til å spinka og spara, stoppa og reparera som før. Eg er lykkeleg når eg kan lima saman ein gammal sko. Desse prinsippa blir overført til måten eg jobbar med data på. I mi lille forskingsgruppe har vi ein gjerrig måte å jobba på. Vi vil løysa oppgåver med datamaskin på kortast mogleg tid, med minst mogleg straum på best mogleg måte. Slik har vi jobba hos oss. Vi er ei lita gruppe, men vi gjer mange nyttige ting.
/../
- Du er ingen tilhengjar av tellekantforsking?

- Forsking bør også målast på innovasjon. Det er vanskelegare enn å vega papir, slik departementet gjer. Men det er artigare å starte ei IT-verksemd enn å publisera 32 papers. Tellekantforsking sit langt oppe i halsen min. Eg har nesten aldri søkt om offentlege midlar. Eg har vore lønnsam for samfunnet på den måten, men ikkje noko å skryta av for universitetet. Det eg har gjort, har hatt liten effekt på korleis NTNU blir rangert internasjonalt. Eg produserer for lite papir. Det er forskjell på hjerneforsking, sosialantropologi og datateknologi. Noko forsking er utan verdi viss ein ikkje publiserer. Anna forsking mistar verdi ved publisering. For meg er det viktigare å ta patentar, enn å presentera eit paper på ein konferanse framfor for folk som sit og duppar av.
 
◄ Free Blogger Templates by The Blog Templates | Design by Pocket