22. september 2010

Leiken med datamaskina er sosial

Barns leik framføre datamaskina er ikkje taus og einsam, men sosial. Det tyder funn frå ei ny landsomfattande undersøking blant styrarar i norske barnehagar, utført av forskarar frå HSH.

Styrarane meiner at leik kring datamaskina er ein sosial aktivitet som stimulerer til samtale mellom barna og mellom barna og dei vaksne som deltek i aktiviteten.

- Dei gjev og uttrykk for at PC-speling er ein aktivitet som kan gje meistringsopplevingar og fremje læring, seier professor Knut Steinar Engelsen som leiar forskargruppa i HSH.

Nyheter fra HSH
 
◄ Free Blogger Templates by The Blog Templates | Design by Pocket