10. juli 2007

Digital danning
Spørsmålet er likevel om Internettet har ein så stor kompleksitet at vi ikkje heilt anar kva dette kulturelle universalverktyet er i stand til å bidra med på godt og vondt, og difor tvingar dette oss til å vidareutvikle både kompetanse- og danningsomgrepet på dette området. For medan du kan ta deg eit 20-timars kurs og bli sertifisert i bruk av andre verkty, må ein erkjenne at den store kompleksiteten og det enorme innhaldslandskapet, gjer Internettet til noko heilt anna enn «berre eit verkty».

For den dagen ein har nok teknisk kompetanse til å kome seg inn på Internettet, har ein berre så vidt byrja på ei lang (kanskje livslang) kompetanse- og danningsreise i skikk og bruk på nettet. Eit døme på dette er «googling» som både har element av å meistre søkjeverktyet Google, men samstundes har klare danningsaspekt ved seg i korleis ein søkjer, vurderer, samstiller, brukar og refererer til kjelder ein finn på Internettet.

Dette gjer at vi må revitalisere vår omgrepsbruk når ein i dag snakkar om «screenagers» sin bruk av Internettet, og vi må gi denne omgrepsbruken ei språkdrakt som harmonerer med den enorme kompleksiteten Internettet har i 2007.
 
◄ Free Blogger Templates by The Blog Templates | Design by Pocket