22. juni 2009

Senter for IKT i utdanninga til Troms�- regjeringen.no

Senter for IKT i utdanninga til Tromsø

Regjeringa har fastsett at hovudkontoret for Senter for IKT i utdanninga som no blir planlagt, skal plasserast i Tromsø. Det nye senteret skal arbeide for å styrkje kunnskapen om IKT i læringsprosessane og med formidling av denne kunnskapen. Ved oppstarten rundt årsskiftet 2009-2010 vil senteret ha mellom 40 og 50 tilsette.

Det nye senteret er ei samanslåing av verksemdene, ITU (Forsknings- og kompetansenettverket for IT i utdanning), Uninett abc og utdanning.no, som alle eksisterer i dag. Hovudoppgåva blir å styrkje kunnskapen om IKT i læringsprosessane og å formidle denne kunnskapen.

Vidare vil senteret ha viktige oppgåver innanfor digitale læringsressursar, læringsteknologi, identitetsforvaltning, standardisering og utdannings- og yrkesinformasjon. Det er lagt vekt på at sentret skal gi ei betre utnytting av eksisterande ressursar, og at det skal medverke til å styrkje rettleiingsoppgåvene på dette arbeidsområdet. Målgruppene for sentret er barnehagane, grunnskulen, vidaregåande opplæring og lærarutdanninga.
Tekst 2 null beskriver og forklarer hvordan nettmedienes uttrykksformer blir til, hvordan de utbres og hvordan de brukes.
 
◄ Free Blogger Templates by The Blog Templates | Design by Pocket