18. august 2006

Tru kva du vil
Det har aldri gått så raskt å avsløre løgner og bedrag i pressa som no. Og vi har aldri hatt så mange sanningar å ta stilling til. Og om ein skal snakke om ei sanning som døyr under krigen, kven si sanning er det då som døyr? Vinnaren si sanning? Soldatane si? Barna i Qana si sanning? Dette spørsmålet må journalistar ta stilling til dagleg.
/../
EIN KAN TRU kva ein vil. På leit etter den eine sanninga om 11. september, om terroråtak og krigen i Libanon, kan alt kome til å bli avslørt som propaganda. Alt som skjer er ein potensiell mediejippo. Kjem ein derimot dit, er det ikkje lang avstand frå dei bloggarane som avslører i «sanninga si teneste» og historieforfalskarane eller holocaust-nektarane for den del. Det er rein kynisme.
 
◄ Free Blogger Templates by The Blog Templates | Design by Pocket