13. oktober 2009

Historisk forskingsinnsats - regjeringen.no

Historisk forskingsinnsats

Totalt foreslår regjeringa ei løyving på 22,5 milliardar kroner til forsking over statsbudsjettet for 2010. Det er 1,7 milliardar meir enn i 2009.

Tilskotet til Forskingsrådet vert foreslått auka med om lag 70 millionar kroner til 1,3 milliardar kroner samanlikna med saldert budsjett for 2009. Dette er ei auke på 6 prosent. I tillegg foreslår Regjeringa å løyve 880 millionar kroner til anna næringsrelevant forsking over Innovasjon Noreg sitt budsjett og til romforsking.

  • Som ei oppfølging av klimaforliket blir midlane til forsking øyremerka fornybar energi og energieffektivisering trappa opp med 23 millionar kroner til 56 millionar kroner.
  • Løyvingane til næringsrelevant forsking knytt til marin bioprospektering blir foreslått dobla samanlikna med saldert budsjett 2009 – til 24 millionar kroner.
  • Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) blir styrka med 25 millionar kroner. Av dette vert 7 millionar øyremerka fornybar energi og energieffektivisering.
  • Ordninga med nærings-ph.d. blir styrka med 25 millionar kroner over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett og tilsvarande beløp over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.
Tekst 2 null beskriver og forklarer hvordan nettmedienes uttrykksformer blir til, hvordan de utbres og hvordan de brukes.
 
◄ Free Blogger Templates by The Blog Templates | Design by Pocket