6. mai 2011

Må ein tole meir på nett?

21 prosent av alle jenter mellom 9-16 år driv med blogging, og talet er firedobla på sju år, viser tal frå Medietilsynet. Mange unge jenter, ofte kalla “rosabloggarar”, skriv om seg sjølv. Dei skriv om klede, sminke, skule og venner.

Ein av dei unge toppbloggarane, Emilie Nereng - alias Voe, hjelper til med sine bloggtips i undervisningsopplegget Du Bestemmer. Hennar tips er som følgjer:
Ikkje tru på alt du les! Nokon liker å gjere seg meir interessante ved å spreie rykte, ta ting ut av samanheng og vri og vende på sanninga.
Skriv positivt! Det er ingen som liker å lese ein blogg som gjer deg i dårleg humør. Ikkje diss andre, ha respekt for at folk er forskjellige.
Pass på deg sjølv! Ikkje legg ut bilete eller skriv innlegg som du kan kome til å angre på. Du treng ikkje å fortelje absolutt alt om deg sjølv.

Du finn fleire bloggtips frå Voe her:www.dubestemmer.no/no/1317_ar/Blogging/

Kilde: Datatilsynet - personvern og informasjonssikkerhet
 
◄ Free Blogger Templates by The Blog Templates | Design by Pocket