Innlandsuniversitetet er utsett
Høgskolen i Lillehammer, Høgskolen i Gjøvik og Høgskolen i Hamar har lenge samarbeidd om Prosjekt Innlandsuniversitetet, og ei samanslåing av dei tre høgskolane skulle vore like om hjørnet. Men under eit felles styremøte mellom dei tre institusjonane vart det bestemt å utsetje samanslåinga i eitt år.- Prosessen går vidare, men vi ligg noko på etterskott når det gjeld utvikling av kompetanse, seier rektor Bente Ohnstad ved Høgskolen i Lillehammer til Forskerforum.no.
- Målet er at vi skal innfri, eller vere nær ved å innfri, akkrediteringskrava til universitetsstatus før vi slår oss saman. I rapporten som er utarbeidd av Nifu Step og Rokkansenteret, blir det peika på behov for å auke andelen av førstekompetanse og styrke forskingsaktivitet og publisering for å oppnå status som universitet. Dette er ei stor utfordring, seier Ohnstad.