27. november 2009

Morgenbladet.no - Ein medieodyss�

Ein medieodyssé

Kva er det vi er vitne til med Twitter og Facebook sitt inntog i den offentlege debatten? Er det eit endeleg opprør mot tabloidane si fordummande folkeliggjering? Er det den store fridommen, internett, som viser styrke? Er det nettsamfunn utan sjølvpålagde grenser og faglege korrektiv vi skal sette vår lit til?

Blant nokre av dei 1,5 millionar nordmenn som er registrert på Facebook kom eg nyleg over ein tråd der høgt utdanna middelklassefolk diskuterte kven som er den hottaste av Tjostolv Moland og Joshua French. Det finst ikkje spor av opprør i trådar som dette. Tvert imot ser vi kimen til ein ny type humørfylt, folkeleg konformitet vekse ut av dei sosiale media, med alle sine intellektuelle. Det er mykje meir sladder å finne her enn det som stod på trykk i VG og Dagbladet under orderudsaka. Dagbladets argaste kritikarar har for lengst falle for eigne grep og endar mest sannsynlig opp med å føre arven vidare når papiravisene snart legg ned. Det er ikkje vanskeleg å sjå føre seg ei redigert Dagbladet-framside: Bilde av ein lallande Tjostolv Moland under tittelen «Se hvor kjekk han er!», distribuert på Facebook og Twitter. Raskt som lynet.
 
◄ Free Blogger Templates by The Blog Templates | Design by Pocket