23. juli 2009

Punktert hjelperyttar

Punktert hjelperyttar

Fiksjon. Romanar oppgir ikkje kjelder. Ved å avstå frå å forklara seg, fortel forfattaren at det er ein fiksjon han har skrive.

Nå vil Aftenpostens Per Anders Madsen ha slutt på dette. Ikkje uventa skjer det i Norge. Berre norsk offentlighet kunne gjera ein sensasjon ut av at ein roman blir utgitt utan kjeldetilvisingar. Ingen andre stader blir såkalla «sakprosa» like aggressivt etablert som litterær overnorm. Enquists Blanche og Marie, Alnæs’ Sabina, Hoems Mors og fars historie og Willumsens Bang er dårlege eksempel. Der er hovudpersonane historiske figurar. Hovudpersonane i Grense Jakobselv er oppdikta. Paul von Damaskus, Otto Nebelung, Aïda Wiik af Pettersen og Alf M. Mayen er reine produkt av min fantasi.

På denne måten er Grense Jakobselv kanskje eit vasskilje, ikkje lenger i Den kalde krigen, men som grenseelv mellom dikting og sakprosa. Som kjent kan vi ikkje gå ut i den same elva to gonger. Men vi kan gå opp igjen på begge sider.

Kva er sant og kva er ikkje? Fakta eller fri fantasi? Skal romankunsten handla om navlelo og sår barndom, medan sakprosaen har copyright på den ytre verda? Det tvetydige ved unotene i romankunsten skaper forvirring i fotnotene. Det er bra, sjølv om ikkje alle let seg føra med, når fantasien byd opp verkelege personar til dans gjennom orda.
 
◄ Free Blogger Templates by The Blog Templates | Design by Pocket