13. juni 2006

Saknar meining med skulen
Universitetslektor Elin Thuen og professor Edvin Bru frå Senter for åtferdsforsking ved Universitetet i Stavanger, har forska på elevane si oppleving av innhaldet i skulen, og kva dette gjer med konsentrasjonen til elevane.

- Heile 25 prosent av elevane i niande klasse slit med å finne skulearbeidet meiningsfylt. Rundt 40 prosent seier skulearbeidet er lite interessant. Skilnaden er klar mellom barnetrinnet og ungdomstrinnet. Elevane har større problem med å finne skulearbeidet relevant, jo eldre dei blir, seier Thuen.

- Politikarar liker å tru at elevar blir kunnskapsrike berre dei får nok teori. Men det er først når elevane finn lærestoffet relevant at kunnskapen kjem. Kanskje bør elevane lære mykje om litt mindre, i staden for litt om alt, spør Bru og føreslår ein kritisk gjennomgang av lærestoffet.
 
◄ Free Blogger Templates by The Blog Templates | Design by Pocket