8. mai 2006


PT åtvarar mot ny type domenenamnsvindel

PT får klager frå norske firma som har vore utsette for forsøk på domenenamnsvindel. Svindlarane tilbyr firma å registrere det domenenamnet dei allereie har under .no frå andre toppdomene, som for eksempel .se, .dk eller .net. Påskotet har vore at det finst andre interesserte kjøparar, og at firmaet derfor har kort svarfrist. Prisen for registreringa har som regel vore høg.

Firma som blir kontakta på denne måten med tilbod om domenenamn, bør avvise tilbodet. Er det likevel ønskjeleg å registrere eitt eller fleire av dei aktuelle domenenamna, så bør ein kontakte ein seriøs registrar (ein som registrerer domenenamn) for eit tilbod. Dukkar det likevel opp ein faktura frå det firmaet som prøver å svindle, er det ingen grunn til å betale denne. Det vil vere den aktuelle registraren som må bevise at ei avtale faktisk er inngått.
 
◄ Free Blogger Templates by The Blog Templates | Design by Pocket