28. februar 2010

Treng ein ein lærar for å læra noko?

Vi treng ekspertar på dei områda samfunnet har bestemt at det er verdifullt å lære om.

No er det berre det vesle utidige faktum at desse “områda” som lærarane er ekspertar på, endrar seg i rasande fart! Det skal noko til å følgja med. Og dessutan har elevar tilgang til både ikkje-autoriserte og autoriserte ekspertar via nettet. Tenk om desse er vel så bra som læraren? Og tenk om elevane har lyst å læra noko utanfor dei områda lærar-ekspertane syns er viktige? Ja, då har han ikkje lærarar til å hjelpa seg, og kan like godt finna seg ein annan stad å vera, eit anna miljø for å læra. Ei litt anna side av dette er jo “Hole-in-the-wall”-prosjektet til Dr. Sugata Mitra, som syner at ungar kan tileigna seg eit nytt språk, og avanserte kunnskapar, berre veld hjelp av ein PC kobla til nettet. Ingen lærar naudsynt!

Dette må vi ta inn over oss. Vi må finne oss ei anna lærarrolle snarast, elles er vi rett og slett ikkje nødvendige. Will Richardson skriv denne veka om “Teachers as Master Learners”. Han knyter an til George Siemens, som skriv om “Teaching in Social and Technological Networks”. Omtrent samstundes publiserer David Warlick sin bloggpost, som er inne på noko av det same. Richardson brukar analogien til “apprenticeship”, altså at vi kan sjå på elevane som lærlingar i faget “å læra”. Og læraren vert då meisteren, som ikkje så mykje veit, som kan. Læraren må kunne å læra, i eit moderne samfunn, som inkluderer dei rike høva til læring vi finn i på nettet:



Skulebloggen
 
◄ Free Blogger Templates by The Blog Templates | Design by Pocket